Smittevern i kyrkjene våre

Vi fyljer dei sentrale råda frå regjeringa, og jobber etter smittevernsveglederen til Den norske kyrkja frå 27.mai.

Smittevern i kyrkjene våre

På arrangement kan det no vere 50 personar utan faste tilviste plasser og 200 personar i faste tilviste plasser.

MEN sjølv om dei nasjonale råda opnar opp for 200 personar på faste tilviste plasser, kan vi pga 1-metersregelen og storleiken på kyrkjene våre ikkje ha så mange som 200 personar i nokon av kyrkjene. 

I kyrkjene våre kan vi ha følgende antal:

Stranda kyrkje:                 64= 50 + 14 på galleriet

Sunnylven kyrkje             76= 56 + 20 på galleriet

Geiranger kyrkje              38= 28 + 10 på galleriet

Liabygda kyrkje                25 = 20 + 5 på galleriet

Norddal kyrkje                  50 = 40 + 10 på galleriet

Sylte kyrkje                       80 = 60 + 20 på galleriet

Stordal kyrkje                   50 = 40 + 10 på galleriet

* Personar frå same husstand kan sitje tettare enn 1 meter, slik at vi kan vere nokre fleire enn antalet i lista.

 

Tilviste plassar

Det er markert med nummer kor ein skal sitte i kyrkjene. 

 

Song


2 meter avstand i kommunar med stort smittepress. I kommunar med lite smitte er det lov med allsang med 1 meter avstand, så no kan vi synge i kyrkjene våre så sant ein kan halde meteren til alle kantar.

 

Registrering


Vi er pålagt å registrere alle som kjem med namn og telefonnummer. Dette for at helsemyndighetene skal ha høve for å spore eventuelle smitte i etterkant. Namnelistene vert oppbevart konfidensielt i 14 dagar. Det ligg lister ein kan skrive seg opp på i våpenhuset.

Når maks antal personar er inne i kyrkja, vil dei som kjem etter at kyrkja er "full" møte ein plakat på ytterdøra med beskjed om at det er fullt. Det er merkeleg og sårt for oss å skulle avvise nokon til kyrkja, men vi ber om forståing for at det må vere slik pga smittevern.

 


Delta på arrangement i nabokommunen?

Kjem ein frå kommunar med stort smittepress bør ein ikkje delta på arrangement i andre kommuner.

 

Trusopplæring

Trusopplæringstiltak og kontinuerlege tilbod som konfirmasjonsundervisning og ungdomsklubb vert gjennomført etter trafikklysmodell i smittevernvegleiaren til den Norske kyrkja (www.kirken.no/korona).

 

Private samankomster

Private samankomster som minnesamvær, dåpsfest, bryllupsfest, familieselskap o.l. i lånt/leid lokale har eigne antallsbegrensninger: 20 personar innendørs, 30 personar utendørs.

Her tel vaksinert og uvaksinert likt, det er kun ved besøk i heimen at vaksinerte ikkje tel med.

Generelt smittevern

  • Hald 1meters avstand
  • Hald deg heime viss du er sjuk eller har luftvegsymptom
  • Vask/sprit hendene ofte. (I kyrkjene våre finn du handsprit i våpenhuset).

 

 

Spørsmål

Ta gjerne kontakt med oss på epost: post.storfjorden@kyrkja.no eller på tilf: 40441522 og 40441523 viss du har spørsmål kring gudstenester eller aktiviteter.

 

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"